Sikrar føreseieleg finansiering
Kyrkjebygga, og gravplassane rundt, er ein viktig del av den norske kulturarven. Å sikre og setje i stand dei kulturhistorisk viktige kyrkjene våre for framtidige generasjonar er ei sentral nasjonal oppgåve. I dag opplever mange kommunar eit stort vedlikehaldsetterslep på kyrkjebygg.
– Disse kyrkjebygga er en viktig del av folkekyrkja og vår nasjonale kulturarv som vi må ta vare på for framtidige generasjonar. Med dette grepet sikrar vi føreseieleg finansiering slik at istandsettinga av desse historiske kyrkane kan gjennomførast på en god og effektiv måte, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
Skal sikre at verdiane er evigvarande
Kyrkjebevaringsfondet er eit resultat av skiljet mellom stat og kyrkje. Staten har teke over ei rekke eigedeler som historisk har høyrt til Den norske kyrkja, mot at verdiane som er på om lag 10 milliardar kroner blir brukt på istandsetjing av kyrkjer. Overskotet frå forvaltinga av desse midlane vert øyremerkt kyrkjebevaringsfondet. Modellen som er valt skal sikre at verdiane er evigvarande, og at kyrkjebevaringsfondet har en årleg ramme på 500 millionar kroner til istandsetjing av kyrkjebygg. I dei åra der utbyttet frå Opplysningsvesenets fond er mindre enn 500 millionar, vil resterande beløp verte løyvt over statsbudsjettet. Dette gjeld fram til den statlege forpliktinga er nådd. Slik kan fondet bidra til bevaring av kyrkjer langt inn i framtida.
Målet er at midlane i rest-OVF skal forvaltast slik at dei ikkje vert svekka og framleis har en betydeleg verdi når forpliktinga om kyrkjevedlikehald er oppfylt. Regjeringa vil då at desse midlane skal vere basisen for eit generasjonsfond som sikrar framtidig finansiering til vedlikehald og sikring av våre kyrkjebygg.
Sentrale i alle lokalsamfunn
Etablering av eit kyrkjebevaringsfond er ei historisk hending som vil gjere det enklare å ivareta folkekyrkja og dei historisk viktige nasjonale kyrkjebygga våre for framtida.
– Kyrkjene er i dag sentrale i alle lokalsamfunn. Både som aktive folkekyrkjer og samlingsplassar, men også som viktige kulturminne. Skal vi bevare ei levande folkekyrkje i heile landet må vi sikre at kyrkjene blir vedlikehaldne og ikkje forfell, og at dei lett kan bli tatt i bruk, seier trus- og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp).
Arbeider med strategi for bevaringsarbeidet
Nærare 1000 av kyrkjene i Norge blir rekna som kulturhistorisk viktige, og vert omfatta av programmet. Arbeidet er venta å ta fleire tiår. Regjeringa arbeider no med ein strategi for bevaringsarbeidet. Den vil innehalde detaljar for korleis arbeidet skal prioriterast og gjennomførast. Riksantikvaren og Den norske kyrkja har tidlegare kome med viktige innspel til dette arbeidet. Strategien skal etter planen leggjast fram i løpet av hausten 2023.
– Eg er glad for at regjeringa har bestemt at administrasjonen for bevaringsarbeidet skal lokaliserast i Trondheim, som jo også er Norges kyrkjehovudstad. Desse skal samarbeide med kulturminnefagleg miljø i andre delar av landet, som til dømes Bygningsvernsenteret på Røros. I tillegg er samarbeidet med Riksantikvaren og Den norske kyrkja viktig, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).