Samarbeid mellom kyrkjelege og kulturmiljøfaglege miljø
Organiseringa av Kyrkjebevaringsfondet byggjer på ein samarbeidsmodell, kor ein skal nytte eksisterande kompetanse og system.
Barne- og familiedepartementet vil vere programeigar. Programstyret og programsekretariatet som blir oppretta for å følgje opp bevaringsstrategien, vil vere sett saman av ressursar frå både Riksantikvaren og Den norske kyrkja ved Kyrkjerådet og Hovudorganisasjonen KA. Sekretariatsleiinga vil vere hos Riksantikvaren. Det vil sikre både kyrkjeleg og antikvarisk kompetanse i arbeidet.
Det formelle forvaltningsansvaret vil liggje til Riksantikvaren, som eit statleg forvaltningsorgan. Programsekretariatet skal vere i Trondheim og vil bli lokalisert i Waisenhuset som ligg vis-à-vis Vestfrontplassen ved Nidarosdomen.
I tillegg skal det etablerast eit nasjonalt fagråd, som skal bidra med faglege råd og sikre breidda i interesserepresentasjonen, medverknad frå brukarane og fagkompetanse inn i arbeidet.
– NHO Byggenæringen og Hovudorganisasjonen inngjekk i fjor haust en samarbeidsavtalen for å sikre istandsetting av kyrkjer over hele landet. Byggenæringen, landets største distriktsnæring, står klar for oppdrag og ser frem til å få være med på å løfte tilstanden til de flotte kyrkjene vi finner rundt om i hele Norge, - uttaler Nina Solli, administrerande direktør i NHO Byggenæringen
Les bevaringsstrategien.
Byggenæringen skal løyse oppdragande med å istandsetting kyrkjene med seriøse bedrifter med god fagleg kompetanse. Vi har allereie tatt initiativ til og vil fortsette å samarbeide om kompetansetiltak, for å sikre at kyrkjebyggane blir restaurert slik at verdiane blir ivaretatt,- seier Kjetil Tvedt, direktør for seriøsitet og kompetanse i NHO Byggenæringen.
Tilskotsordninga som midla skal lysast ut under, vil no bli sendt på høyring. Etter høyringa, vil hovudelementa i tilskotsordninga bli lagt fram for Stortinget i samband med revidert nasjonalbudsjett. Under føresetnad av at Stortinget sluttar seg til hovudelementa, kan tilskotsordninga tre i kraft frå sommaren 2024 og midlar lysast ut.