Bransjeprogramma er eit spleiselag. Staten betaler for at fagskular, høgskular, universitet og andre kurstilbydarar skal utvikle og drifte relevante tilbod. Bedriftene og den enkelte tilsette investerer si tid. I år kom det inn 107 søknader til utvikling og gjennomføring av utdanningstilbod i perioden 2024-2027. 53 prosjekter ble tildelt midlar til gjennomføring.
Ein av søknadene kom frå Fagskolen Innlandet og gjelde studiet Kyrkjerestaurering – en teoretisk innføring. Prosjektet er et samarbeid mellom Fagskolen Innlandet, Fagskolen Vestfold og Telemark og Fagskolen Vestland som allereie har veletablerte tilbod innan utdanning i bygningsvern. Denne søknaden vart godkjend og fekk 2,5 millionar til utvikling og gjennomføring. Dette betyr at partane i arbeidslivet og staten ønskjer at fleir handverkar får kompetanse på dette feltet.
Livslang læring
- I mange yrker er det vanlig at det eksisterer ein rekke tilbod om etterutdanning for arbeidstakarar. For handverkaren har ikkje dette vært godt nok. Men med bransjeprogrammane på fagskolenivå skjer det endeleg et løft for denne yrkesgruppa. At staten betaler for utdanning som er fleksibel og tilpassa yrkeslivets behov er et stort pluss, seier fagsjef i Bygg og Bevar Christer Stenby.
Bransjeprogramma er eit spleiselag. Staten betaler for at fagskular, høgskular, universitet og andre kurstilbydarar skal utvikle og drifte relevante tilbod. Bedriftene og den enkelte tilsette investerer si tid.
– Dei store samfunnsutfordringane, omstilling i næringslivet og fornying i offentleg sektor krev at vi satsar på kompetanseheving. Desse pengane skal bidra til å gi tilsette og bedrifter i heile landet oppdatert kunnskap, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Målet er at tilsette, permitterte og ledige i bransjar med særleg behov for endring får nødvendig kompetanse til å meistra nye oppgåver, og dermed blir i jobben.
– Vi ser at bransjeprogramma er etterspurde og treffer godt. Det gode samarbeidet med partane i arbeidslivet gjer at vi får etablert ei rekke korte og fleksible utdanningstilbod som er skreddarsydde til behovet i bransjane, seier direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Sveinung Skule.