Tidlege gifteplanar og familien Larsen
Dei innreidde kjellarroma fekk ny bruk etter at verkstadkarane flytte ut. Sjølv hadde eg som femåring seriøse gifteplanar med grannejenta Aud frå Bakkegarden, som var nokre år eldre. Eg vart sterkt vonbroten då det ikkje straks let seg realisere at me to flytte inn i kjellaretasjen som eit par.
Men livet går vidare, også når ein er fem år, og kjellaretasjen vart mellom anna sommarkvarter for familien Larsen. Det vil ta for mykje plass å fortelje om korleis denne familien frå Ålesund kom inn i livet vårt, men dette hadde også med den uvanlege gjestfridomen i Erkegarden å gjere.
Kvar sommarferie kom Larsenane på landet og innkvarterte seg i eit av kjellarroma våre. Seinare vart dei kjende med to svenske familiar, og forsyne meg vart også desse familiane faste gjester i Erkegarden i fleire somrar. Byfolket rende rundt i fjellet og fiska i fjord, vatn og elvar. I fylgjet til svenskane var også den langbeinte, lettkledde og blonde dottera Gunilla som eg stormforelska meg i til randa av søvnløyse – på avstand.
Wilhelm Larsen var ihuga sportsfiskar med tillitsverv i Jeger- og Fiskarforeininga i Ålesund. Til dagleg var han sjåfør ved Gartnarhallen, og sette alltid ei stor pappøskje med frukt og grønsaker på kjøkenbordet vårt fyrste kvelden. Larsenane skulle i utgangspunktet syte for maten sjølve, men med berre ei enkel kokeplate i kjellaren, vart det jammen mange måltid ved kjøkenbordet til mor Andrea også.
Straks skuleferien tok til, vart dei to Larsen-tausene, Unni og Kari, sette om bord i rutebåten og sende inn til Bjørke. Far henta dei på kaia om kvelden, og i desse sommarvekene før foreldra kom på ferie, eller jamvel i påska, var dei som born i huset hjå oss. Familien Larsen vart på ein måte som nære skyldfolk – og er det framleis.
Ei endelaus gjesteliste
Systrene mine Bertha og Palma byrja etter tur i butikkjobb hos kolonialhandlar Solbak på Kiperviktorget. Butikken var driven av enkefru Solbak, som hadde ein einaste son, Arne. Det var ikkje lenge før han også vart levert på meierikaia og send med «Rauma» til Bjørke på sommaropphald i Erkegarden. Det var nok ikkje så greitt for ei travel, einsleg mor å ha ein skulefri gutunge på slyngen i byen. Både Larsen-tausene og Solbak-Arne var om lag jamgamle med bror min, Ole Jørgen.
For meg som minstemann var det stor stas med alle desse sommargjestane. Og endå har eg ikkje nemnt alle dei andre syskenborna og tremenningane og Gud veit kva som nøytte kvart høve i høgtider og i feriar til å losjere i Erkegarden. Og ikkje har eg rita opp alle mostene og fastene, som også hadde sine årlege turnéstogg i Erkegarden. Kvar alle overnatta i huset og på kva måte, kan eg ikkje gjere greie for, men alle fekk plass kring kjøkenbordet til mor Andrea - alltid.
Gofar var ikkje særleg blid på alle desse byfolka og slektningane som kom og «hefte» oss i travlaste vinnene, og som han tykte heller burde hjelpe til med høyberginga enn å feriere. Eg hugsar han stempla Lilly Larsen som ei «redige stolkjette» sidan ho likte å sitje inne i kjellarstova med ymse handarbeid i ferien.