Det originale torvtaket hadde vanlegvis never under torva. Når vi skal restaurere gamle torvtak så blir det som regel mest riktig å bruke never. God never til taktekking er det ikkje så lett å få tak i for tida. Denne filmen kan då vere til støtte for å finne fram til ein god og tradisjonell arbeidsmåte som gir god kvalitet på nevra. Hugs på at det ikkje er fritt fram for å løype never kor som helst. Grunneigar av skogen må gi løyve for at du skal få ta never. Filmen er produsert av Målselv Tradisjonshandverk og Musikk DA i 2003.
Publisert: 17. november 2013
Publisert av: Roald Renmælmo