Noreg har ingen adel, likevel har vi eit baroni. Rosendal er eit gods og tidlegare baroni i Kvinnherad kommune, i Vestland fylke. Slottsanlegget blei freda i 1923, og er no eit museum. Her kan du oppleve gamle hus, kulturelle aktivitetar og eit vakkert kulturlandskap.
Saman med fagdirektør Ulf Holmene snakkar vi oss gjennom historia kring Baroniet. Høyr podkastepisodane om baroniet i Rosendal her:
Historia om Baroniet er både dramatisk og spanande. Den inneheld alt du kan forvente frå eit vaskeekte adelsdrama. Ekstravagante baronar og baronesser, pengeproblemer, kunst og kultur, utruskap og kjærleik.
“Borgen” ved fjorden
Godset Rosendal, med slottet som sto ferdig i 1665, vart opphøgd til baroni i 1678 av kong Christian V av Danmark-Norge. Baroniet har karakter av en «Ferme ornée». Det vil seie at det er ein landleg eigedom delvis anlagt etter estetiske prinsip og delvis for landbruksføremål.
Hovudbygninga vert omtalt som “Borgen” og blei oppført i 1662-1665. Det er eit arkitekturhistorisk og kulturhistorisk viktig og unikt anlegg i norsk historie. Slottet er bygd av kalka gråsteinsmur i to etasjar.
Ulike stilepokar
Slottet er ei vandring gjennom ulike stilepokar, og det har blitt utforma av ulike eigarar gjennom 250 år. I dag er det framleis bevart som den heimen det var i 1927. Dei staslegaste romma på slottet er på ulikt vis døme på det beste som kunne framskaffast av kunst- og kulturgjenstandar frå Danmark, Noreg, og Frankrike som var stilidealet på 1600-talet.