Industriell produksjon av sildeolje i Noreg starta på slutten av 1870-tallet då eit britisk selskap etablerte ein fabrikk for fiskeguano i Brettesnes i Lofoten. Dette var starten på eit industrieventyr som Neptun sildeoljefabrikk er ein viktig del av. Anlegget ligg i eit typisk nordlandsk landskap, med tilgang til havet og ei trygg hamn. Riksantikvaren fredar anlegget som representant for den industrielle fiskerinæringa i Nord-Noreg. Anlegget er ein del av bevaringsprogrammet for 15 tekniske og industrielle kulturminner. Desse anlegga representerer eit nasjonalt tverrsnitt av kulturminne knytta til den industrielle utviklinga i Noreg.
- Neptun er det nordlegaste av anlegga i Riksantikvaren sitt bevaringsprogram. Det er eit utruleg spanande kulturminne som skildrar historia om den norske fiskeindustrien, seier riksantikvar Hanna Geiran.
I dag nyttast dei gamle råstofftankane som konsertarena og det er museumsdrift i dei gamle produksjonslokala.
- Føremålet med fredninga er å sikre ein representant for den industrielle fiskerinæringa og foredling av fiskeråstoff. Bruk er godt vern! På den måten vert fabrikken teken vare på når den ikkje lenger er i ordinær drift, seier riksantikvar Hanna Geiran.