Olav Dalen Zahl eig også halvparten i bygget som hyser restaurant Villa Sandvigen i Svartskog, Oppegård kommune - skysstasjon langs den gamle riksvegen til Sverige med servering sia 1859. Der held dei nå på med å leggje om taket. Gamle eternittplater er fjerna, og taket blir tekt med tungeskifer, slik det ein gang var.
I fjor sommar kjøpte han, saman med museumseigar Johan Ziener Thronsen og Tore Karlsen, det gamle hotellet i Treungen i Telemark (også kalla Noregs nordlegaste sørlandsby) frå 1922 - eit bygg som haddes stått tomt i fleire år. Nå er primus motor der, Tore Karlsen, i gang med å restaurere bygningen. Tore Karlsen har med anna teikna bakeriet i Lom og mura opp bakaromnen der. No skal det i tillegg til servering og hotell i Treungen byggjast eit bakeri med steinomn som ein del av hotellet, i tillegg til eit ysteri. Bakarvarene skal bli like gode som i Lom, seier Dalen Zahl.
Huset hans på Nordstrand - "Villa Rosenborg" frå 1899 - har han kjøpt "over tid", som han seier. Det var opphavleg delt i tre seksjonar, og arkitekten var inspirert av Rosenborg slott i Danmark, derav namnet. Han har brukt store ressursar på å setje villaen i gammel og god stand. Tårnet som vart rive på 1970-talet, er sett opp att, ny rustskifer er lagd gammal maling er fjerna og ny silikatmaling er påførd. Fot dette arbeidet fekk han Nordstrand Vels Miljøpris 2005.
Dalen Zahl er sjef for selskapet B2 Holding ASA, eit selskap med verksemd i 14 land. han er opptatt av gamle hus og antikvariske verdiar generelt. Når han er ute på reise, bur han stort sett på historiske hotell. Han fortel at han unngår moderne hotell i glas, stål og betong. I tillegg til gamle bygningar er han interessert i ting som har med telehistorie, post og jernbane å gjera. Dessutan har han nokre gamle bilar, kan han avsløre. Vi får også greie på at han sanssynlegvis har den største private samling av telefonar brukt i Noreg. Ein del av denne samlinga er utstilt på Z - Museum i Treungen.