Det kan vere store utfordringar i høve til den delen av pipa som står over taket. Over tid vil ein kunne sjå skader på murverket. Pipa under er mura med hydraulisk kalkmørtel over tak. Blikkenslagararbeidet er viktig og bør utførast av fagfolk.
Omnstre
Mange eldre peisar har ein trestokk til bering over opninga. Dette er i prinsippet ikkje tillate og kan i visse høve føre til fyringsforbod. Med fornuftig fyring og ved å vere til stades så lenge det er eld i peisen, vil ei slik løysing vanlegvis ikkje vere brannfarleg. Ein skal likevel jamnleg sjå etter at det ikkje er teikn til varmeskader på treverket. Den beste løysinga er å kle treet mot dei varme sidene med ikkje brennbart materiale.
Det er og viktig at pusslaget på innsida av kappa ikkje har manglar ned mot omnstreet slik at det kan bli liggande glør på eller bak det synlege treverket
Dårleg trekk
Mange opplever at peisen ryk. Det kan vere mange grunnar til dette, men ein vanleg årsak kan vere mangel på luft inn i rommet der peisen står. God trekk er avhengig av at det kjem luft inn. Etterisolering og bruk av diffusjonstette materialar i vegger og tak vil føre til dårlegare trekk dersom det ikkje vert kompensert med ventilar, eller luftinntak i sjølve murverket
Med opent spjell vil peisen fungere som ein motor i luftskiftet i huset. For å motverke fukt i bygningar som står utan jamn oppvarming, vil det difor vere bra å la ventilar og spjell stå opne når bygget ikkje er i bruk.
Andre årsakar til røykplage kan vere feil i konstruksjonen. Kanskje er peisen for grunn eller at lysopninga er for stor i høve til høgde og tverrsnitt i pipa. For lite luftvolum bak kappa kan og gjere sitt.
For å rette på dårleg trekk kan ei løysing vere å endre på konstruksjonen. Peisen vil då få ein ny utsjånad, noko som ikkje er ønskeleg i dei gamle eldstadene. Dette vil dessutan vere ei ikkje reversibel løysing.
Vedlikehald
Alle eldstader treng ettersyn og vedlikehald. Inne i ein peis vil store temperatursvingingar over tid føre til skader på murverket. Her kan det vere aktuelt fuge og pusse på nytt eller skifte ut mursteinen dersom skadene er meir omfattande.
I eldre peisar med innvendig leirpuss, må desse setjast i stand med same materiale. Sterkare sementbaserte mørtlar vil ikkje binde seg til den gamle leirpussen. Ulik utviding ved oppvarming vil kunne føre til sprekkdanning og brannfare. Eit godt råd er å legge bålet i botnen av peisen, ikkje oppetter sidene.
Når det gjeld den delen av peisen som ikkje er i kontakt med varmekjelda, må ein og nytte ikkje brennbare materialar og som passar til den originale materialbruken.
Eldre peisar i sitt opphavelege miljø bør ikkje få nytt andlet. Dei er ein viktig del av bygningshistorien og fortener å bli tatt vare på.
Feiing
Feiarvesenet tilrår i mange høve rehabilitering av pipeløpet. Argumenta kan vere til dømes for stort tverrsnitt med for sterk nedkjøling av røyken, det kan vere manglar i fuger eller avskaling og sprekkdanning i murverket.
For liten avstand til brennbart materiale eller der det ikkje er mogleg å inspisere pipa utvendig, fører ofte til fyringsforbod.
Innvendige røyr av stål eller keramikk vil vere ei god sikring og vil endre oppstillingsvilkåra i høve til avstandskrava, slik at pipa kan godkjennast ut frå gjeldande lovverk. Pipa skal vere heil og utan sprekkar, forvitring og manglande fuging må reparerast før ein set inn foring. Ein skal og vere merksam på at ei såkalla rehabilitering vil endre livsvilkåra for den gamle pipekroppen.
Bruk av keramiske røyr fører truleg til at temperatur og luftfuktighet i det originale murverket vil endre seg. I kalde rom kan dette føre til forvitring på grunn av fukt og frostsprenging. Utfrå at slike tiltak er av nyare dato, har me ikkje kunnskap om verknadene på lang sikt. Dette gjeld særleg på leirmurte anlegg.
Stålrøyr har kortare levetid men vil sleppe gjennom meir varme og vil kanskje vere ei betre løysing i høve til materialar som leire og kalk.
Ei foring vil ha mindre tverrsnitt enn det gamle løpet. Dersom pipa går opp frå toppen av peisen kan ei slik foring kunne føre til problem med trekken. Ein må sørge for eit stort nok luftrom bak kappa og ein glidande overgang til det nye løpet. Det er viktig å vere merksam på at det skal vere luft mellom foringsrøyr og den gamle pipekroppen.
Bekdanning aukar faren for pipebrann
Feiing i ein open peis utan å få heile rommet tilgrisa med sot er ei velkjend problemstilling. Står pipa med sotluke ved sida av peisen er løysinga grei. Verre er det når pipeløpet går direkte opp som ei forlenging av eldstaden. Då er det nok ikkje anna råd enn å dekke til opninga så godt det let seg gjere med plast og tape. Feiing ovanfrå vil ikkje få med seg sot og bek der løpet utvidar seg ned mot peisopninga. Her må det feiast nedanfrå dersom det trengst.
I arbeidet med murverk i eldstader og piper i freda og verneverdige bygg støyter ein på ulike utfordringar i høve til kunnskap om lovverk, materialval og handverk. Det er ingen fasit som seier korleis arbeidet skal utførast. Det kan vere mange løysingar. Det er likevel viktig å ha respekt for det som er gjort tidlegare. Alle val må gjerast på dei premissa huset gjev, slik at istandsette murverk ikkje vert framandelement utan forankring i den lokale tradisjonen.